Aro & Aiko, våres hunder!

Aiko

Aiko har funne ein lest!

Eg kom på at det var noko meir eg måtte skrive idag, før eg fer ut på tur!

Visst dykk har lest lengre nede på sida mi så skreiv eg om Aro som har funne ein kjepp han elskar over alt på jord. Før vi drog til Spania var vi på tur der han fant kjeppen sin, når vi kom til bilen gravde han kjeppen ned. Eg visste at det kom til å bli lenge til vi kom tilbake der, minst 14 dagar.

Men trur dykk ikkje at han fant kjeppen med eingong vi kom tilbake der etter ferie, eg blei heilt forbausa når han kom springane med den i munnen, for eg sjølv hadde heilt gløymt denne kjeppen. Blei heilt overraska over at han hugsar den så godt!



Ha ein fin dag vidare alle sammen, for det skal eg! Skal på skogstur no og på lydighetstrening ikveld med Aro!

Aro og Aiko på fjelltur! Slitne :)

Heisann alle sammen!

Endelig skal eg oppdattere etter at vi kom frå Spania (turen var veldig flott ) for første gang. Det er ei veke sidan vi kom, men det har tatt litt tid å kome inn i dei daglegdagse gjeremåla igjen, fordiom vi berre var vekk i 10 dagar

Hundane har kost seg med sine passarar, Aro var i kennel på Skodje, han hadde oppført seg veldig bra, men han kjente oss heldigvis igjen når vi kom å henta han!

Aiko har vært hos min far og med min svigermor, Aiko er veldig snill å passe og krevar ikkje så mykje som Aro krevar. DIfor valte vi å ha berre ein på kennel, men neste gang lurar vi faktisk på å unne begge hundane eit kennelopphald. Trur hundar har veldig godt av å være på kennel, der får dei være saman med andre hundar og blir tatt vare på av andre menneske.

Aro med sin elskelige kjepp!

Heisann igjen

Det var ein liten ting til eg berre måtte skrive ikveld. Her eindag eg og Aro var på tur så var Aro eit bevis på kor god hukommelse hundar virkelig har!

På onsdagen var vi på tur og han fant ein kjepp som han likte så godt at han måtte grave den ned før vi var framme ved bilen, eg tenkte ikkje noko meir over det då.

På fredagen gjekk vi same runde igjen, når vi var ved plassen han hadde gravd ned kjeppen sist såg eg at han begynte leite etter noko, eg forstod ikkje heilt kva han gjorde først. Men leitte han jaggu meg ikkje etter kjeppen han hadde gravd ned to dagar før, og han fant den også!! Eg blei heilt forbausa over at han huska at det var akkurat der han hadde gravd den ned, eg veit at hundar har utrulig god hukommelse, men eg har aldri sett Aro bry seg så mykje om ein kjepp.

På bilete kan dåkke sjå Aro bære på sin elskelige kjepp, søtingen vår! Når vi nærma oss bilen så grov han kjeppen ned igjen, blir spennande å sjå om han hugsar kvar den ligg neste gong vi skal gå der..det kjem til å bli to veker til så det kan godt hende eg også har glømt kvar den er også


Ha ein flott kveld vidare alle sammen!





Aiko tek seg ein blund i bilen :)

Heisann alle sammen!

No nærmar det seg med stormskritt at eg og min sambuar + nokre vener dreg til Spania for 10 dagar. Aiko skal få være med min far desse dagane menst Aro skal få være på kennel, håpar han kjem til å kose seg. Men veit eg kjem til å bekymre meg mykje første dagane for korleis det går, reknar med han gløymer oss fort og kjem til å kose seg masse!

Aro skal være på ein kennel som er på skodje, skal gi tilbakemld om korleis han hadde det når vi kjem heim 26 september, då skal han hentast. Aiko veit eg kjem til å ha det heilt supert med pappa, det har han alltid. På biletet eg har lagt ut ligg Aiko i bilen å slappar av, han elskar å være med på biltur! Somregel heng han hovudet ut vinduet, men her måtte han slappe av litt når vi var på ferga


Eg kjem ikkje til å skrive meir før vi kjem igjen frå Spania, men då er det trening for meg Aro. Vi har meldt oss på lydigheitskurs, der skal vi trene på klasse 2 øvelsar og forsterke øvelsane vi kan i klasse 1. På begynninga av nyåret vil vi melde oss på klasse 1 konkurranse igjen og delta, gler oss veldig, neste gong kjem det til å gå bra


Ha ein fin kveld vidare alle saman, vi skal kose oss i sola!

Eg og Aro på tur!

Heisann!


Her er eg og Aro på tur, skikkelig fin skogtur i regnveir! Aro elskar å være med på tur i skogen, då får han være laus og springe der han vil, men han held seg somregel innan 10 meters avstand..altfor avhengig søtingen Vi trenar apsolutt ikkje kvar dag, somregel fast eit par gongar i veka, og om vi skal på ein konkurranse eller kurs så trenar vi litt ekstra nokre veker før.

Høyrest ut som eg er skikkelig proff og trent lenge lydigheit når eg skriv dette, men sannheita er at Aro er den første hunden eg har trent konkurranseretta lydigheit med, og var for første gang i ringen på laurdag! Veldig stolt av oss begge som klarte så bra

Aro elskar å bade, enten om det er i sjø, innsjø eller ei grøft..uansett kor lite eller mykje vatten det er



Ha fortsatt ein fin kveld alle sammen

Aro dusjar :)

Hei alle sammen! 

Lenge sidan eg har oppdatert no, må berre unnskylde meg, men har hatt det altfor travelt siste veka. Først hadde eg fire nattevakter, så var det eg og Aro som skulle være med i lydighetskonkurransen. 

Konkurransen gjekk veldig bra til å være første gangen, vi fekk 154 poeng, men vi skulle hatt 160 for opprykk til klasse 2. Men dette klarar vi neste gang, eg synast Aro var kjempeflink  Der var heilt utrulig mange forstyrringar rundt, eg og Aro har trent mykje idet siste, då er det veldig kjekt å sjå at all trening vi har gjort visar seg igjen  

Var på trening igår saman med hundeklubben, så vi er allereie tilbake i trening 

Eg fekk også min nye treningsvest igår som eg bestilte frå Canis, likar den veldig godt og den er utrulig praktisk når man trenar med hunden sin og ikkje vil ha godbitar i ALLE jakker, i tilegg har man plass til ballar og kobbel på vesten..eit ord, praktisk! 

Ut på tur!

Rakk en liten time med trening på grusbana idag, Aiko måtte sjølvsagt også få være med og lufte seg litt

Aro var veldig flink idag, heldigvis! Håpar det går bra på laurdag, grur meg..bra at Aro ikkje veit kva som er i vente

Etter at eg begynte trene lydigheit med Aro så står eg i stor respekt til alle andre som trenar lydigheit uansett nivå, har aldri visst kor utrulig mykje arbeid det krevast! Det ligg so mykje følelsar mellom eigaren og honden, etter at eg begynte med lydigheit vil eg aldri slutte, men veit ikkje kor langt eg vil prøve meg med Aro. Synast reddningshund også verkar som ein spennande aktivitet å trene hund med, men trur ikkje eg har tid eller pengar til det enda. Får sjå i framtida 

Ikveld har eg tent stearinlys, må finne noko positivt og koselig i denne mørketida!

Aiko triksa!

Heisann!

Idag he vi dårlig veir her på sunnmøre, so då blei det god tid til å lage vafler. Sjølvsagt he hondane også lyst på, og dei fe! Fordi dei e berre SO søte Då blei det litt lydigheitstrening på kjøkkenet idag med Aro, Aiko kan litt triks han også!

Kjeme til å legge ut fleire bilete av hundane idag og prøve mej på å legge ut nåkre videoar, men datae min vil ikkje alltid samarbeide


Idag er det berre 6 dagar til eg og Aro skal opp i klasse 1, vi har ikkje hatt så god tid til å trene dei siste dagane, då blir det sikkert hardtrening dei neste dagane! Slik var det når vi skulle opp til Bronsemerket også, hardtrening på slutten


Ha fortsatt ein flott dag vidare!

Aro og Buddha, bestbuddies!

Heisann alle hundeelskarar!!

Idag begynte eg i min første dag på nyejobben. Var ferdig utdanna sjukepleiar til sommaren og har hatt sommarjobb på kirurgen, men no har eg fått meg fast stilling på ei sjukeheimsavdeling, første dagen var veldig spennande og har møtt mange kjekke kollegaer!

Når eg då kom meg heim var og er eg heilt utsleten, mange nye inntrykk. Difor blir det lite trening idag med Aro og Aiko, berre ein rask luftetur, rett heim og gi hundane eit bein kvar slik at eg får mindre dårlig samvet for å trene dei lite idag

Aro fekk også leike med sin bestekompis, Buddha som er ein fransk bulldogg, dei elskar kvarandre..men Aro er litt voldsom av og til, redd Buddha skal bli nedsprongen


Ha fortsatt ein flott dag alle sammen, eg skal kose meg i verden beste hjørne (i sofaen) med ein kopp te og ei appelsin

Aiko og Aro kosar seg på morgonen!

Idag har eg hatt fri, veldig deilig å sove lenge! Hondane likte også godt å såve, men Aro er ein som apsolutt likar å stå opp tidlig, menst Aiko kan ligge så lenge vi ligg i senga. Som dykk ser har Aiko funne seg til rette i si nye seng, men Aiko skal alltid ha det Aro har så då vil dei bytte seng iløpet av natta

Idag var eg på trening med Aro, men han var utrulig treig idag, ville berre stå å sjå på alle andre hundane og det var ikkje mulig å få kontakt med han!

Aro berre og eg brukte alle lydar, ansiktsutrykk eg kunne finne på!

Kanskje det blir betre imorgon?

Gratulerer med dagen! :)

Igår hadde Aiko bursdag, han blei 7 år gammal!  Tida går utrulig fort, eg har ikkje noko bilde av der Aiko ligg i senga si, men d kjem imorgon!

Dei siste dagane har eg og Aro trent altfor lite, berre slaska oss og gått på tur

Men imorgon blir d trening! Berre 12 dagar til lydigheitskonkurransen!

På bildet er eg, Sergio, Aro og Aiko påveg på telttur, Aiko likar å bære kløv!

Smarte hunder, naive eigarar ;)

Heisann alle ihopa


Tenkte eg kunne fortelle ei lita fortelling om hundane idag. Dei er apsolutt ikkje alltid super lydige og kan fint finne på litt av kvart so fort vi let at døra og fer einplass, særleg Aiko!

Det var sambuaren min som fant hundane endag etter jobb, som dykk kan sjå på biletet so fortel det sikkert mest av kva som hadde skjedd. Eg er ganske sikker på at Aiko stod for heile planen, for dette er typisk Aiko. Aro ligg somregel ein meter frå døra og berre stirrar på den til vi kjem heim.

Aiko derimot, som er VELDIG rolig når vi er heime, ligg somregel berre å søv, gløymer at han er der av og til. Han kan finne på noko slikt som dette (på bildet) når vi fer heimanifrå.

Legg merke til at det er Aiko som ligg på dyna og kosar seg med eit bein, Aro ligg  derimot ikkje på dyna, ska tru kva dei tenkte akkurat idet vi kom inn?

Eg og Sergio (sambuaren min) såg føre oss kor dei har kost seg når vi var vekke, kunne nesten ikkje gjer noko anna enn å le når vi fant dei

Det blei no ein god grunn til å skifte på senga også!


Ha ein god kveld vidare alle ihopa







Aro i nye senga igår på bursdagen sin!

Igår hadde Aro bursdag, han har allereie blitt to år gammal! Tida går so fort, nesten litt trist  

Sida hundane uansett trengte nye senger så kjøpte vi to stykker, så det blei bursdagsgåva til Aro, Aiko har bursdag på laurdag so det blei seng på han også

Aro elskar senga si og ligg i den heile natta i alle vinklar

Bya tur og sosial trening!

Heisann alle sammen!

Idag he vi våre å trent ilag med mange andre frå ørsta og volda hundeklubb, veldig kjekt! Fekk trent endel før regne kom, ingen bombe at det regna her i Ørsta då, men hadde våre kjekt med EN heil dag med opplett

I tilegg blei det ein liten byatur på oss idag, so då fekk Aro være med dit også å sosialisere seg litt på ein heilt ny plass, trur han likte det. På veien heim sov han som en stein, nåke han sjeldant gjer i bilen

No e det leggetid her i huse, skal på tidlivakt imårga.

Hade no

Dagen idag :)

Hei alle sammen!

Idag har eg og Aro vært å trent på grusbana i nærområdet. Vi trente på lydigheit, då blei det lineføring, inkalling fra sitt, stå under mars, avstandsdirigering, hopp og kontakt Aro var veldig flink idag, eg synast lineføringa vår aldri blir bra, men dette er sikkert ein øvelse som krevar MYKJE trening og MYKJE tolmod! Eg prøvar å være tolmodig, men er ikkje alltid vi har god kontakt under mars, men betre kontakt når vi står iro i utgangsstilling.

Vi trente saman med ei eg kjenner som har ein nydelig eurasier med namn Miko, kjempeflott hund, utrulig glad og energisk rase! Berre heilt elskelig


Ha ein flott dag vidare alle sammen!

Velkommen til hjemmesiden vår

Velkommen til mi fyste heimeside!

Eg laga no denne sida ganske spontant, men håpar på å være flink å oppdattere den jamt. Sida vil hovudsakelig handle om livet mitt med hundane mine Aro og Aiko.

Aro er den hunden eg kjem til å skrive mest om sidan det er han eg trenar lydigheit med, Aiko er meir ein fritidshund.

Eg håpar på å få lagt ut litt videoar av trening med Aro og tips til korleis trene, håpar på kommentarar tilbake slik at eg kan bli kjend med fleire kjekke hundefolk!  

Eg er medlem av Ørsta og Volda hundeklubb, ein flott hundeklubb med mange kjekke medlemmar. Vi treffast fast kvar tysdag og trenar ofte kvardagslydigheit, av og til blir det eindel tyting også  Då ser vi på det som at hundane lærer seg å kjede seg, noko dei faktisk treng!

Velkommen til hjemmesiden vår

Tenkte eg kunne skrive litt om meg sjølv.

Eg er ei 25 år gammal jente som er og bur i Ørsta, eg blei ferdig utdanna sjukepleiar juni iår og har fått meg fast jobb allereie, ser på det som veldig heldig! I sommar har eg hatt sommarjobb på sjukehuset på kirurgen, ein kjempekjekk plass for ein nyutdanna sjukepleiar!


Heilt sidan eg var sju år gammal har vi hatt hund heime. Vår første hund var Fox, ein Norsk Elghund grå, dette må være verdens beste vakthund, for han laga lyd om han såg ei grein røre på seg

Den neste hunden blei Monty, ein blandingsrase som vi overtok når han var 5 år gammal. Dette var ein kjempesnill hund som vi fekk ha i heile 10 år, då måtte vi dessverre sei farvell.

Hund nummer tre var Basse, dette var også ein blandingshund som vi overtok når han var 1 år gammal. Basse var ein kvalp heile livet, alltid glad og var ein skikkelig god og stor bamsehund!

Hund nummer fire blei då min første, dei andre var familiens hunder. Aiko kjøpte eg i Lillehammer for 7 år sidan, tida går så fort! Han er ein alaska husky, eigaren som vi kjøpte med hadde 41 av samme rase, dreiv med sledekjøring og mor til Aiko har vært med i Finmarksløpet. Aiko har dessverre aldri fått prøvd seg på slededraging. Men eg brukar han til mangt fordiom, både sykling, rulleskjøyter, ski og kløv. Verkelig ein altmulig hund som ELSKAR tur og er utrulig utholdelig, dette må være verdens dårligaste vakthund, ALDRI ein lyd å høyre frå han

Siste hunden som vi har anskaffa oss er ein 2 år gammal Rottweiler med namn Aro. Dette er mitt andre "barn" som vi kjøpte på Elverum. Det var min sambuar som hadde veldig lyst på Rottweiler, sjølv var eg litt skeptisk på denne rasen sidan eg har sett veldig mange som har vært utagerende. Men vi ville sjølvsagt prøve, og det var eg veldig glad for at vi gjorde!  Dette er berre ein heilt fantastisk gut, han er alltid glad og elskar å lære. Difor har vi gått mykje kurs, både kvalpekurs, bronsemerke ( som vi klarte ) og kvardagslydigheitskurs. Dette er første hunden eg har verkelig trent med og fått så god respons på, har lært heilt utrulig mykje og truffe mange kjekke hundemenneske!
 
Etter at vi klarte bronsemerket blei eg bitt av basillen og no 3 september skal vi prøve oss på klasse 1 lydigheit i Ørsta. Grur og gledar meg samtidig. Vi var nødde å lære to nye øvelsar, hopp og avstandsdirigering. Noko vi har komen godt igang med allereie.

Seinare idag vil eg legge ut bilete/video av Aiko og Aro.

Håpar dykk vil like heimesida mi, første gongen eg lagar dette så ha tolmod


















Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

14.12 | 18:43
Framsida har mottatt 15
13.09 | 15:55
A'iko har mottatt 1
02.09 | 22:09
Videoar av hundane! har mottatt 1
01.09 | 21:35
Hundene har mottatt 1
Du liker denne siden